Åkrafjorden og Rullestad

  • Foto
  • Film
  • Drone

Frå Rullestad kan du mellom anna gå tur til Jettegrytene, gå den gamle postvegen eller tur rundt Rullestadvatnet. Frå Skromme og frå Rullestadjuvet er det merkt sti til Simlebu. Ein fin tur i seg sjølv, eller som del av ein etappe vidare til Sandvass eller Blomstølen. Landskapet på Rullestad er vilt og vakkert. Vegetasjonen vekslar mellom lauskog og barskog, for det meste bjørk og furu.

Langfoss er eit populært turmål. Det er merkt sti til toppen, og omlag halvvegs er det mogleg å ta ein avstikkar bort til fossen. Frå toppen har du utsyn ut over Åkrafjorden og fjella rundt. Når du først er på toppen, er det vel verdt å få med seg Langfoss-stølen. Fortset du vidare innover, kjem du til Vaulo-vatnet. Derifrå kan du gå vidare til Sandvass eller Simlebu (HT).

English: Rullestad is excellent for hiking, and in the winter skiing. The potholes ("jettegrytene" in Norwegian), the old postal route and the Simlebu tourist cabin (HT) are all popular hiking destinations. Scenic, mountainous, with woodland consisting of mostly pine and birch.

Turforslag