Skarstøl, Kritle & Rus

  • Fottur
  • Ski
  • Sykkel

Skarstøl er eit godt utgangspunkt både for fotturar, skiturar og sykkelturar. Lett tilgang og eit variert og landskap, gjer Skarstøl til eit attraktivt utangagspunkt for alle som er glad i gode naturopplevingar. Lette fotturar langs vegen innover mot Krokavatnet og Ilsvatnet, eller i retning Grindheimsstølen. Eller som utganspunkt for lengre turar i fjellet. Fleire gode fiskevatten, mellom anna Krokavatnet og Løkjelsvatnet. Ved Løkjelsvatnet ligg også Løkjelsvatn-hytta, som no er eigd av Haugesund Turistforeining.

Slik kjem du til Kritle og Skarstøl: Køyr først til Litledalen. Ved enden av Litledalsvatnet køyrer du forbi Litledalen kraftstasjon. Fortsett oppover Hårlandsvegen. Ved enden av Hårlandsvatnet er Hardeland kraftstasjon, og det står skilt "Kritle". Derom du skal gå stigane frå Kritle, fortset du forbi kraftstasjonen til du kjem til dei første bustadhusa. Her står det ei informasjonstavle om turen. Dersom du skal til Skarstøl, tek du av til høgre før Kraftstsjonen og køyrer til endes på vegen.

English: Whether you are interested in walks, hiking, skiing or bicycle trips, Skarstøl is a great place to start. Easy access and several routes to choose between. Execellent fishing opportunities.

Turforslag - Kritle/Skarstøl

Løkjelsvatnet, Løkjelsvatn-hytta (HT) og Hårlands-nepane Start frå p-plassen på Skarstøl. Følg anleggsvegen i retning Grindheims-stølen. Fortsett på merkt sti til Løkjelsvatnet og Løkjelsvatn-hytta. Frå Løkjelsvatn-hytta er det varda sti til Hårlands-nepane. Herifrå har du flott utsyn ut over Etne og Etnefjella. Turen tek omlag ein og halv time ein veg, og er relativt lett å gå. Alternativt kan du gå Stigane frå Kritle.

Stigane til Løkjelsvatnet, Løkjelsvatn-hytta (HT) og Hårlands-nepane Start frå p-plassen like ved kraftstasjonen på Kritle . Følg vegen forbi kraftstasjonen. Når du kjem til bustadhusa, står det ei informasjonstavle om turen. Fortsett på merkt sti til Løkjelsvatnet og Løkjelsvatn-hytta. Frå Løkjelsvatn-hytta er det varda sti til Hårlands-nepane. Eit tips er å gå ein rundtur frå Kritle til Skarstøl. Å gå stigane er ein relativt krevjande tur, med jevn stigning og bratte parti. Tek du utfordringa, blir du beløna med ei flott naturoppleving.

Toppturar til Bordfjellet og Bjørndalsvio Start frå p-plassen på Skarstøl. Følg anleggsvegen i retning Grindheims-stølen. For å koma til Bordfjellet, tek du av til venstre på stien lengst inne ved Grindheims-stølen. Følg merkt sti langs fjellsida i retning mot Løkjelsvatnet. Etter eit stykke, fortset sien opp langs fjellsida og opp til Bordfjellet. For å koma til Bjørndalsvio, går du først forbi Grindheims-stølen. Ved enden av vatnet kjem du inn på merkt sti til Bjørndalsvio.

Skiturar til Lysenut, Høylandsnut og Fagerlinut. Frå parkerings-plassen på Skarstøl kan du gå fleire flotte skiturar. Eit lett alternativ, er å gå forbi RaudeKross-hytta og innover forbi Krokavatnet og Svartavatnet, og vidare opp til Heitahola. Eventuelt kan du ta til venstre og gå opp til Fagerlinut. Frå Heita-hola er det også fint å gå vidare til Lysenut. Eit alternativ er å gå over Strype til Høylandsnut. Eventuelt kan du gå ein rundtur frå Skarstøl over Strype til Høylandsnut og Lysenut. Frå Lysenut går du attende til Skarstøl via Heita-hola, og vidare forbi Krokavatnet og Svartavatnet. Det er også mogleg er å gå frå Skarstøl via Høylandsnut og vidare til Olalia-hytta, dersom det er godt med snø.

Sykkeltur Start turen frå p-plassen på Skarstøl. Følg anleggsvegen forbi RaudeKross hytta, mot Krokavatnet og vidare forbi Ilsvatnet. Ved Auastad-stølen fortset du ned på ein traktorveg til du kjem til Auastad. Merk at det siste stykket ned til Auastad, som går på traktorveg, er av dårleg standard.

Turforslag - Rus

Frå Rus kan du mellom anna gå toppturar til Steinfjellet, Høylandsnuten og Lysenuten . Landskapet vekslar mellom lauskog, heier og myrar, og det er fleire vatten og små tjørn. Det er eit lett og fint turterreng å gå i. Nokre kortare alternativ er å gå rundt Holmevatnet, til Kattastølen, eller til Furevatnet. Det er fleire gode fiskevatten å velga mellom, mellom anna Lysevatnet, Furevatnet og Høylandsvatnet . Ein populær tur om vinteren, er å gå på ski til Olalia-hytta frå Rus.


Slik kjem du til Rus: Følg Haukelivegen til du kjem til Mo. Like ved brua på Mo, tek du av på sidevegen til Liteldalen om Fossa. Når vegen flatar ut og du kjem til ei lengre sletta, står det eit skilt til Rusvegen på høgre side. Sjå også kart. English: Rus is excellent for walks, hiking and skiing. Steinfjellet and Høylandsnuten are two popular hiking destinations. In the winter, skiing from Rus to the Olalia-cabin is popular. Execellent fishing opportunities.

Steinfjellet, 690 moh. Start frå p-plassen ved Filosofen. Følg traktorvegen rett oppover frå p-plass. Etter eit stykke deler vegen seg. Her fortset du på stien som går lengst til høgre, i retning mot Staurskar. Like før Staurskar tek du av til høgre, går over ei myr, og fortset opp langs fjellsida. Frå Steinfjellet har du utsyn ut over Etnefjorden og ned mot Olalia-hytta. Det langt ut bok som du kan skriva deg inn i. Turen tek omlag ein og halv time ein veg, og er relativt lett å gå.

Olalia-hytta, HT. Tur på ski eller til fots. Olalia-hytta er eit særs populært turmål om vinteren. Følg traktorvegen rett oppover frå p-plass. Etter eit stykke deler vegen seg. Her fortset du på stien som går lengst til høgre, i retning mot Staurskar. Like etter Staurskar kjem du til Starskar-stølen, derifrå renn du nedover til Olalia-hytta.

Høylandsnut, 734 moh. Frå parkeringsplassen går du over Leitesmyrane og går i reting mot Kattastølen. Når du kjem til Skittjørna, tek du av til venstre og følgjer ein bekk opp mot fjellsida. Derifrå følgjer du merkt sti vidare.

Lysevatnet, Furevatnet og Høylandsvatnet. Til Høylandsvatnet og Lysevatnet: Gå over Leitesmyrane i retning Kattastølen. For å koma til Høylandsvatnet, tek du ved Skittjørna av til venstre og følgjer merkt sti til Høylandsnut. For å koma til Lysevatnet, fortset du forbi Skittjørna og vidare forbi Kattastølen. Deretter på merkt sti opp til venstre. Frå Kattastølen kan du også gå til Furevatnet via Nystølen. Til Furevatnet kjem du også om du følgjer same sti som til Steinfjellet, berre at du tek av til venstre der vegen deler seg.